inkl. mva. ekskl.frakt
NOK 0,00
mva. NOK 0,00
HOVEDMENY
"Audun Hestakorn" er eit historisk drama om statsmannen Audun Hugleikson (1240-1302) som enda sitt liv i galgen. Audun var stallar og fehrid for kongane Magnus Lagabøter og Eirik Magnusson, og saman med kong Magnus utforma han landslova, og var sendebod for den norske kongen til utlandet. Da Håkon den 5. overtok makta, vart Audun fengsla og seinare hengd på Nordnes i Bergen. Vi møter Audun på galgebakken, der han på uventa vis får muligheit til å sjå tilbake på sitt eige liv. Var det ei kvinne eller politiske intrigar som vart Auduns bane? "Audun Hestakorn" hadde urpremiere i Jølster 2. august 2002. - Org.omsl.