inkl. mva. ekskl.frakt
NOK 0,00
mva. NOK 0,00
HOVEDMENY
31 s, innb. rikt illustrert i 4 farger Illustrert av Janus á Húsagarði Omsett frå færøysk av Lars Moa. Nytt eksemplar.
Ei sann historie frå den færøyske øya Hestur. Sjarmerande bok for barn 3-7 år av Oddvør Johansen, fleire gonger nominert til Nordisk Råds litteraturpris og den færøyske bildekunstaren Janus á Húsagarði. Lars Moa har omsett teksten. Det handlar om fugl, oljesøl – og om ei snill og klok bestemor. Ei perfekt bok for høgtlesing, og som utgangspunkt for samtalar om respekt for livet, for naturen og kor viktig det er å hjelpe til. Ærfuglane Eva og Erling er trulova. Men før dei skal bygge reir kjem dei i store vanskar. Heldigvis er det ei bestemor som kjem til hjelp i denne sanne historia frå Hestur på Færøyane: Dei fer springande av stad nedover til sjøen der dei dykkar. Plask! Dei finn seg smådyr å ete og blir mette. Mange takk! Og no er dei trulova og fortel alle dei andre ærfuglane at når det blir vår, tenker dei seg å få to ungar, kanskje fire.