inkl. mva. ekskl.frakt
NOK 0,00
mva. NOK 0,00
HOVEDMENY
dikt i utval 211 s Heftet
Helge Torvund fyller 70 år 20. august 2021. I den samanheng gir Aschehoug ut "Lyset du treng finst" - Dikt i utval. Tidligare forlagssjef Trygve Åslund har stått for utvalet i samarbeid med forfattaren. Sidan 70-talet har Torvund publisert ei mengd bøker i ulike sjangrar. I 2011 kom han til Aschehoug og gav ut "Alabama?" Den neste samlinga, "Alt brenner", vekte stor fagnad hjå kritikarane og hausta fleire 6-arar og mykje merksemd hjå lesarane. Samlingane "Tidslys" og "Liljevilje" stadfesta Torvund sin posisjon som ein av dei mest populære poetane våre. "Lyset du treng finst" hentar i hovudsak dikt frå Torvunds seinaste samlingar, men eit kresent utval dikt frå tidlegare samlingar er òg med. I tillegg er det gitt plass til eit titals nyskrivne dikt. «Helge Torvund har eit sterkt menneskeleg nærvær og eit nærmast fullstendig musikalsk gehør i diktinga si. ... Kvaliteten på tekstane som har kome med, er strålande.» Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen «Han tar alle sansar i bruk for å visa at livet er fullt av store, «torvunderlege» ting for den som kan omgåast dei små ting fortruleg. (...) Og få - om nokon - har skrive meir hudmjukt, alvorstungt, lattermildt om kjærleik enn han. Dette er poesi for deg og meg. Så les Helge Torvund. Han og du fortener det.» Steinar Sivertsen, Krabben poesitidsskrift