Handlekurv

Din handlevogn er tom!

inkl. mva. ekskl.frakt

NOK 0,00

mva. NOK 0,00

Høgsteretts historie 1965-2015

Varenummer: BM1692024

Pen bok. Innbundet. 619 s. Nynorsk. Noen illustrasjoner.

Forfatter: Jørn Øvrehagen Sunde
Utgiver: Fagbokforlaget 2015
Illustrasjoner:
Stand:

NOK 200,-

Fredag 28. juni 1974 vart Det sjuande allmenne dommarmøtet i Tromsø opna. Det heile byrja slik det skulle - fredeleg og danna. Siste føredragshaldar den fyrste dagen av dommarmøtet var professor dr. juris Carsten Smith, som føreleste om «Domstolene og rettsutviklingen». Etter føredraget var Det sjuande allmenne dommarmøtet ikkje lenger fredeleg, og bare delvis danna. For Smith ville at domstolane generelt, og Høgsterett spesielt, ikkje bare skulle løysa konfliktar, men òg leia an i rettsutviklinga med djerve avgjerder som forandrar samfunnet. Dette var ein radikal idé i 1974. I dag er det i stor grad ein realitet. Kva har skjedd?

Høgsteretts historie 1965-2015 er ei endringshistorie. Det er historia om ein domstol som lenge stritta imot endring, men som særleg etter Berlinmuren sitt fall vart riven med av samfunnsutviklinga og av ivrige einskildpersonar som staka ut ein ny kurs for den fremste representanten for den tredje statsmakta i Noreg. I dag er Høgsterett kanskje meir ei statsmakt enn nokosinne i si 200 år lange historie. For domstolen har ein nesten uavgrensa kompetanse, er ein nesten rein prejudikatsdomstol, er premissleverandør for den juridiske metoden, kan påverka tilsetjinga av nye høgsterettsdommarar, og er ein dialogpartnar i det transnasjonale rettsregimet. Dette er historia om korleis det vart slik.

Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen, leiar for Forskargruppa for rettskultur, og forskingsleiar ved museet Baroniet Rosendal. Han har publisert Speculum legale (2005) og Den juridiske komedien (2007), og har mellom 2006 og 2014 redigert Rettstekstar i mellomalderen, Dekalogen, Rendezvous of European Legal Cultures og Constitutionalism before 1789.

Se også
Norrøne kristenkvæde

Norrøne kristenkvæde

Forfatter: Olaf Hanssen (red.)
100,-
Sverre-soga

Sverre-soga

Forfatter: Samlaget
100,-
Soga um dei gamle norske kongane

Soga um dei gamle norske kongane

Forfatter: Tjodrek Munk
120,-
Strengleikar

Strengleikar

Forfatter: Henrik Rytter (oversetter)
130,-
Soga om Ljosvetningane Norrøne bokverk nr. 37

Soga om Ljosvetningane Norrøne bokverk n..

Forfatter: Hallvard Mgerøy (oversetter)
130,-
Bondesamfunn og bondeopposisjonen på Agder

Bondesamfunn og bondeopposisjonen på Agd..

Forfatter: Kjell-Olav Masdalen
330,-
Kongsspegelen (Konungssuggsjá)

Kongsspegelen (Konungssuggsjá)

Forfatter: Alf hellevik (red.)
150,-
Edda-kvæde – Norrøne Fornsongar

Edda-kvæde – Norrøne Fornsongar

Forfatter: Ivar Mortensson -Egnund
150,-