Handlekurv

Din handlevogn er tom!

inkl. mva. ekskl.frakt

NOK 0,00

mva. NOK 0,00

Den vesle pianisten

Varenummer: TAL-060723-36

noveller
av Lars Amund Vaage (forfatter).
Oktober 2017 Innbundet

Forfatter: Lars Amund Vaage
Utgiver: Oktober
År: 2017
Illustrasjoner:
Stand:

NOK 150,-

Nokre få gonger i livet drøymde Sigurd at han kunne spela piano. Spela kunne han i vaken tilstand også, og betre enn mange andre, det var ikkje det, men i draumen vart spelet hans forløyst. Tonane trilla ut av han, fall, rasa, eller dei song i han, slik at han gløymde kven han var, eller tykte han blei ein annan. Det han skapte med hendene på klaviaturet, var ikkje berre vakkert, i draumen, det var også sant. Utan at han trong streva for det, opna han seg, innover i seg sjølv og ut mot verda, og endå om han ikkje hadde tenkt eller planlagt noko, sa tonane hans det gode og rette om livet og menneska. Tonane som han sjølv spela, lyste inn i han, knytte opp dei vonde knutane hans i rasande fart, bar med seg ei uforklarleg glede og løfta han inn i ein tilstand han ikkje visste han kunne nå."

I dei åtte novellene i "Den vesle pianisten" finst gutungar, ungdomar og vaksne menn som leitar etter eit eige språk, borte frå heimen og bygda, i skrifta eller musikken. Dei lengtar etter ord som kan forløysa noko i dei, ord som kan forbinde dei til andre menneske, ord som kanskje ikkje finst. Reiser dei ut, er dei framande; vender dei heim, er det ikkje nokon heim å finna.

Lars Amund Vaage opnar opp eit stort rom for karakterane sine. I ein både stringent og sølvklår, rytmisk og lyttande prosa skriv Lars Amund Vaage om ambivalensen i menneskelege relasjonar, om sorga over språkløysa og om det plutselege svevet i ein vellukka komposisjon.

Se også
De skjulte hav

De skjulte hav

Forfatter: Martin r. Dean
140,-
1934

1934

Forfatter: Alberto Morovia
120,-
Negeeren på Narciccus

Negeeren på Narciccus

Forfatter: Joseph Conrad
80,-
Snille hunder kommer ikke til Sydpolen

Snille hunder kommer ikke til Sydpolen

Forfatter: Hans-Olav Thyvold
120,-
Fra og mor og oss

Fra og mor og oss

Forfatter: Johan Borgen
80,-
Gaten

Gaten

Forfatter: Ivar Lo-Johnsson
90,-
Munter kvinne

Munter kvinne

Forfatter: Magnhild Haalke
130,-
Vraket og andre noveller

Vraket og andre noveller

Forfatter: Siegfried Lenz
80,-
Syndfloden

Syndfloden

Forfatter: Le Clézio
140,-
Haisommer

Haisommer

Forfatter: Peter Benchley
110,-
Serinas vei

Serinas vei

Forfatter: Magnhild Haalke
110,-
Sunset Park - A Novel

Sunset Park - A Novel

Forfatter: Paul Auster
90,-