Handlekurv

Din handlevogn er tom!

inkl. mva. ekskl.frakt

NOK 0,00

mva. NOK 0,00

Echo Mountaiin

Varenummer: TA-100523-27

Yngvild Gotaas Torvik (foto).
332 s Innbundet med smussomslag

Forfatter: Anna Kleiva
Utgiver: Oktober
År: 2018
Illustrasjoner:
Stand:

NOK 160,-

210325

«... eg veit at eg alltid har likt det som er slik LA er, spraglete, smektande, motstridande, det som er for mykje, det som ikkje er stilreint, ikkje samanhengande, eit mylder. Det går ikkje an å finne eit punkt der alt starta, det går ikkje opp; dette er berre ein måte å fortelje ei historie på. LA er inga logisk forteljing. Det er derfor eg vil fortelje den.»

Los Angeles er hovudperson i Anna Kleivas første prosabok, som gjennom ulike perspektiv og forteljemåtar forsøker å kartleggje og forstå den oppdelte og sprikande amerikanske byen. Reiseskildringar frå fleire møte med L.A. i perioden 2008-2017 blir i denne boka føydd saman med forteljingar, samtalar, poetiske og essayistiske tekster, og ei viss Angelenas brev til ukjend adressat.

«Echo Mountain» handlar om byen som draum, myte og fiksjon, men også om jakta på kva slags stemmer, historier og realitetar som skjuler seg under den glitrande overflata. Det er ei bok om å ha ein kjærleiksaffære med ein by, om tiltrekking og utstøyting, men også om å betrakte og skildre: Korleis fortelje om det som er skiftande og fullt av motsetningar, som ikkje lèt seg fange eller avgrense?

Anna Kleiva kombinerer forteljande, sansande og essayistisk språk på ein eigenarta måte, og viser byen som natur og konstruksjon, jungel og maskin: «Echo Mountain» er eit flettverk av tekster om byen slik den blir sett frå fjellet, ørkenen, motorvegen eller Downtown, og slik den møter oss i litteratur, poesi, film, folklore og musikk, i kulturen og historia.

Det er ei rik og mangslungen bok, dels inderleg og subjektiv, dels undersøkande og analytisk, tvers igjennom fascinerande og klok.

Boka er illustrert med fotografi av Yngvild Gotaas Torvik.

Se også
Haisommer

Haisommer

Forfatter: Peter Benchley
110,-
Kikkeren – noveller

Kikkeren – noveller

Forfatter: Sidsel Mørch
100,-
Serinas vei

Serinas vei

Forfatter: Magnhild Haalke
110,-
Sunset Park - A Novel

Sunset Park - A Novel

Forfatter: Paul Auster
90,-
Skyskraperengler

Skyskraperengler

Forfatter: Tove Nilsen
110,-
Kvassere enn sverdet

Kvassere enn sverdet

Forfatter: Ragnhild Magerøy
130,-
Fra det moderne Amerikas Aandsliv

Fra det moderne Amerikas Aandsliv

Forfatter: Knut Hamsun
320,-
Jorsal

Jorsal

Forfatter: Ragnhild Magerøy
130,-
De som dro sudr

De som dro sudr

Forfatter: Ragnhild Magerøy
120,-
I søvnen lignet han et barn

I søvnen lignet han et barn

Forfatter: Jan Chr. Næss
130,-
Bonden

Bonden

Forfatter: Kjell Aukrust
140,-
Til troende

Til troende

Forfatter: Ulla Svalheim
140,-