Handlekurv

Din handlevogn er tom!

inkl. mva. ekskl.frakt

NOK 0,00

mva. NOK 0,00

Flypioneren Thor Solberg

Varenummer: TB-160222-6

175s innb
Rikt ill. i sv/h og farger
PEN

Forfatter: Bjarte Sindre
Utgiver: Selja forlag
År: 2012
Illustrasjoner:
Stand:

NOK 250,-

280125

Thor Solberg (1893-1967) frå Florø var ein av dei store i norsk luftfartshistorie. Han var forretningsmann i Bergen 1914-25, og drog i 1919 til Berlin på motorsykkel for å ta flysertifikat. Inspirert av Tryggve Gran si Nordsjøflyging i 1914 bestemte han seg for å ville fly frå USA til Noreg. I 1925 drog han til New York og tente gode pengar som butikk- og fabrikkeigar. Inntektene brukte han til å kjøpe fly, starte eit flyselskap og perfeksjonere seg i blindflyging og navigasjon. I 1932 var han klar til å gjere første forsøket sitt på å krysse Atlanteren, men måtte naudlande ved Newfoundland. I 1935 var han klar til eit nytt forsøk etter ei vanskeleg rute, via Labrador, Grønland og Island til Bergen. Mange hadde prøvd dette før, og ingen hadde klart det. Men Solberg gjennomførte turen på 30 dagar og kunne den 16. august 1935 lande i Bergen til jublande folkemassar. Solberg sitt livsverk vidare var knytt til luftfarten. Han var forhandlar av fly, og dreiv flyskular, flyplassar og flyselskap. Mange nordmenn tok utdanninga si hos han, særleg på Jarlsberg, men også på flyplassen han hadde bygt opp i USA. Han oppretta fleire flyselskap, det siste var Solbergfly i Bergen, og det var mange som hadde Solberg som førebilete når dei sette i gang med småflyselskap. Han henta Cessna-flyet i Skandinavia, og selde mange av dei. Han var også ein pådrivar for flyklubbar, og meinte at dei som kunne, burde ha sitt eige fly. Thor Solberg fekk ei rekke utmerkingar, den fremste var St. Olavs Orden, Ridder av 1. klasse i 1953. Dette er den første biografien om Thor Solberg. Rikt illustrert

Se også
En bok om menn

En bok om menn

Forfatter: Arnstein Bjørkly m. fl.
80,-
Håndbok for glade gubber – 109 gode råd for å nå livets høydepunkt

Håndbok for glade gubber – 109 gode råd ..

Forfatter: Dag Sebastian Ahlander
120,-
Kamp

Kamp

Forfatter: Uppdal Kristofer
180,-
Kunsten å tale i hverdag og fest

Kunsten å tale i hverdag og fest

Forfatter: Øyvind Hardeng
80,-
Distriktslegen – Der ingen kunne tro at kun én lege kunne bo

Distriktslegen – Der ingen kunne tro at ..

Forfatter: Freddy Meholm
150,-
skyAtlas 2000.0

skyAtlas 2000.0

Forfatter: Wil Tirion og Roger W. Sinnott
150,-
Fy farao!

Fy farao!

Forfatter: Ingrid Kristine Hasund
120,-
Jan Thomas Verktøykasse for menn

Jan Thomas Verktøykasse for menn

Forfatter: Jan Thomas
130,-
Conversations with Claude Lévi-StraussConversations with Claude Lévi-Strauss - bakside

Conversations with Claude Lévi-Strauss

Forfatter: G. Charbonnier
120,-
Norske gaardsnavne

Norske gaardsnavne

Forfatter: Oluf Rygh
250,-