inkl. mva. ekskl.frakt
NOK 0,00
mva. NOK 0,00
HOVEDMENY
Oslo 1999. Stor 8vo. 335 s. Originalbind. Smussomslag.
Har unge indarar som arbeider på call center, noko med oss å gjere? Kvifor mister nordmenn jobben når amerikanarar ikkje klarer å betale lånet sitt? Og kva er samanhengen mellom prisen på kleda våre og barnearbeidarar i Bangladesh? I denne fagboka for ungdom viser sakprosaforfattar og journalist Teresa Grøtan på presist vis kva globalisering er og gjer, med eksempel frå din og min kvardag. Teksten er personleg, innhaldsrik og morosam, og gir ei lettfatteleg innføring i kva globalisering eigentleg betyr. I denne første globaliseringsboka på norsk for ungdom, har forfattaren også med bidrag frå mellom andre Jonas Gahr Støre, Knut Nærum, Thomas Hylland Eriksen, Kristin Clemet og Sør-Afrikas mest kjende avisteiknar, Zapiro.