Nominert til Brageprisen
Ein imponerande og brei roman om makt, plikt, tru og ære, og om historie
Som ung på 1890-talet var hovudpersonen i Adjutanten med keisar Wilhelm på seglturar i vestlandsfjordane. Som olding på 1960-talet er han tilbake der han byrja, no som pensjonert offiser. Imellom ligg to verdskrigar og ein europeisk katastrofe.
På Hylla, ein støl i eit brattheng i Sognefjorden, sit forteljaren og blar i gamle dagbøker for å få grep om livet sitt. Verten hans, fruktbonden, sosialisten og aleinefaren, er ein kunnskapsrik og nyfiken mann som prøver å få ut av leigebuaren kva han har vore med på som offiser og adjutant for keisaren. Gjennom diskusjonane kjem fortrengte minne tilbake.
FRÅ BOKMELDINGAR