Handlekurv

Din handlevogn er tom!

inkl. mva. ekskl.frakt

NOK 0,00

mva. NOK 0,00

Folket langs fjorden

Varenummer: TB-181026-1

4to innb. m. frontill. 313s. rikt ill. Grønn shirting rygg med gullskrift. Nytt eksemplar.

Forfatter: Oddgeir Bruaset
Utgiver: Genesis
År: 2016
Illustrasjoner:
Stand:

NOK 250,00

Historia om folket langs Storfjorden er ei historie om eit liv i slit, eit liv i fare, men òg eit liv som har eventyrets glans over seg, sett med dagens auge. Dei levde i stupbratte fjellsider, ute på stupkanten, innunder fjellhamrar, og dei levde av det naturen kunne gje dei, grastuster til    krøtera, gras dei henta overalt, nede ved strendene, oppe på hamrane. Furua og lauvskogen i liene vart byggjevyrke til alle dei hus dei trong, til ved og varme og til reiskapar og andre hjelpemiddel dei hadde bruk for. Som oftast budde dei i lang avstand frå kvarandre, og vegen mellom heimane var ein krøterstig i brattfjellet, der snøskreda og steinspranga truga. Men trass slitet og trass faren kjende folket ei lukke over å få det til, vere sjølvhjelpte, sleppe å vere andre til last. No har folket søkt lunare lende, men titt går lengten attende til fridommen dei kjende der oppe på hyllene sine. Og det finst jamvel menneske som i seinare år har søkt attende til dei veglause gardane langs fjorden, sjølv om deira liv er meir lettvint enn det forgjengarane hadde. NRK-journalisten Oddgeir Bruaset laga i 1989 eit oppsiktsvekkjande TVprogram om folket langs Storfjorden. Frå dette programmet går det ei bein line fram mot TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Eit par år etter programmet frå Storfjorden skreiv han si første bok. Ho handla om storfjordfolket, og ho vart starten på ein forfattarkarriere som femner om meir enn 25 bøker. Denne boka byggjer vidare på dei andre bøkene frå Storfjorden, men ho inneheld så mykje nytt stoff og så mange fleire bilete - for det meste tekne av fotokunstnaren Per Eide - at det er ei ny bok meir enn ei ny utgåve. FOLKET LANGS FJORDEN ER EI BOK OM VÅR FORTID, MEN EI BOK FOR VÅR SAMTID.

I SAMME KATEGORI
Svart katt over veien  – om varsleer, tegn og overtro

Svart katt over veien – om varsleer, te..

Forfatter: Ronald Grambo
120,00
Rama-kvædet

Rama-kvædet

Forfatter: Arne Garborg (norsk )
170,00
Svangerskap og fødsel

Svangerskap og fødsel

Forfatter: Lily Weiser-Aall
160,00
Ein Fjellgard

Ein Fjellgard

Forfatter: Halvor Floden
180,00
I gammeltida

I gammeltida

Forfatter: Henrik Sødal
150,00
Hard-røynd frå Havland og Dalsògur.

Hard-røynd frå Havland og Dalsògur.

Forfatter: Hans Henrik Holm
200,00
Ein fjellgard

Ein fjellgard

Forfatter: Halvor Floden
250,00
Norsk folkeminne – en veiledning for samlere og interesserte

Norsk folkeminne – en veiledning for sam..

Forfatter: Reidar Th. Christiansen
160,00
Heileg-Olav i norsk folketradisjon

Heileg-Olav i norsk folketradisjon

Forfatter: Olav Bø
200,00
Østfoldminne

Østfoldminne

Forfatter: Ruth Hult
200,00